Den italienske
målaren og arkitekten Rafael (1483
- 1520) er ein av dei mest framståande kunstnarane i høgrenessansen. Eit
karakteristisk trekk hos Rafael er at han er i stand til å oppta og omdanne
mange forskjellege inntrykk til eit harmonisk resultat. Arbeida hans er
praktfulle, både som heilheit og i detalj og vert kjenneteikna av nøyaktig bruk
av transparentar med klare og livlege fargar (Vigué, 2003, s.105).
Transformasjonen er eit maleri Rafael starta med i 1518.
Medarbeidaren Giulio Romano (1499-1546) fullførte arbeidet, sidan Rafael døyde
i 1520 (Art Encyclopedia). Øvst på maleriet ser vi Jesus som har teke med seg apostlane Peter,
Jakob og Johannes opp på fjellet for å be. Plutseleg er Jesus omgjeve av ein
stråleglans. Profetane Elia og Moses står ved sida av Ham og Gud talar: «Dette
er Min Son.». Kristus openbarar sin guddommelegheit (Matteus 17:1-13, Markus
9:2-13 og Lucas 9:28-36).
Nedanfor blir fargane i bileta analysert ved hjelp av Itten (1888-1967) si fargeteori. Sjølv om denne teorien blei utvikla etter Rafael og Tidemand si tid, kan vi gå ut ifrå at desse kunstnarane hadde gode kunnskapar om fargebruk, fargebalanse og -kontrastar og kva effekt forskjellig bruk av fargar har.

Transfigurasjon betyr omskaping frå ein skikkelse til ein annen.
Midtpunktet Jesus lysast opp på grunn av dei kvite kleda Hans (uskuld) og dei
kvite skyene bak Han. Kontrasten mellom desse lyse fargane og dei mørke skyene
på venstre og høgre side av maleriet er stor. Den blåe himmelen (kald farge) blir
knytta til åndelegheit, ettertanke og sanning. I bakgrunnen ser vi ein
raudoransje solnedgangen, den varmaste av alle fargane som vi òg ser igjen på
skjørtelen til disippelen Peter. Blå og oransje ligg overfor kvarandre i Ittens
fargesirkel, dei er komplementærfargar. Dette vil seie at vi gjerne oppfattar dei som
fargepar, sidan dei høyrer saman på denne måten (Løvstad & Strømme, 2006, s.52). Samtidig står
desse to fargane i størst muleg kaldvarmkontrast til kvarandre. Den kalde
mørkeblå fargen til skyene fremjer den varme raudoransje fargeflekken på kleda
til Peter. Jesu lys skin hovudsakeleg på denne disippelen. Dette er neppe
tilfeldig. Peter blir kalla for «klippa som Gud bygger Kyrka Si på».
Fargesirkelen til Johannes Itten
Jesus verker
større enn Moses og Elia sjølv om dei eigentleg er like store. Dette kan
forklarast ved at Jesu kvite klede og dei kvite skyene står i stor kontrast til
dei mørke skyene som ligg bak dei to profetane. Dette ljose fargefeltet verkar
større på en mørk bakgrunn. Kleda til Moses og Elia har ein mykje meir grumsete
kvit, nesten grå farge. Dessutan er dei plassert framfor dei mørkeblå skyene,
som gjer at dei verkar mindre enn Jesus. Dette kallast for simultankontrast (Løvstad
& Strømme, 2006, s.57).
Ifølge Itten har farger ulik ljosstyrke. Blått har ein mørk fargevalør, medan gult har mykje lys. Ein harmonisk kvantitetskontrast inneberer at farger med låg ljosverdi treng meir plass enn farger med høg ljosverdi. Som skjemaet nedanfor viser treng ein for eksempel dobbelt så mykje blått dersom dette skal balanserast med oransje.
Gult
|
Oransje
|
Raudt
|
Fiolett
|
Blått
|
Grønt
|
3
|
4
|
6
|
9
|
8
|
6
|
Desse mengdeforholda
er så klart vanskeleg å rekne på på eit samansett bilete. Eg gjer likevel eit
forsøk. I eksemplet vårt har tre av Jesu etterfølgjarar oransje klede, medan
seks har blå klede, altså forholdet 1:2.
Ljose fargar
verkar lette og mørke fargar verkar tunge (Løvstad & Strømme, 2006, s.53).
Av denne effekten har Rafael gjort bruk då han let den kvitkledde Kristus sveve
i den opplyste lufta øvst på maleriet, medan skikkelsene nedst på maleriet er
omgjeve av ei mørk skygge som gjer at denne samlinga synar tyngre enn den øvste delen. Plasseringa av desse «ljose» og «mørke»
personane på bilete er derfor eit logisk val.
Den nedste
delen av maleriet illustrerer bibelhistoria etter transfigurasjonsforteljinga.
Ei mor viser sonen sin for dei ni andre apostlane (nedst til venstre). Guten er
besett av ei urein ånd. Apostlane forsøker å lækje guten, men får det ikkje
til. Jesus lækjer guten etter at Han har kome ned frå fjellet (Matteus 17:
14-21, Markus 9: 4-29 og Lucas 9: 37-42). Dei andre personane nedst på bilete
er Jesus si slekt og etterfylgjarar. Dei to hendingane er visuelt knytte til
kvarandre gjennom gestane til personane nedst på biletet.
Kontrasten
mellom den øvste og nedste delen av maleriet er stor. Denne øvste delen er lys
i fargebruk, mens den nedste delen ligg i ein mørk skugge. På grunn av denne
mørke skuggen er det her behov for sterkare fargekontrastar for å skilje dei
ulike personane frå kvarandre. Rafael brukte her primærfargane raudt, blått og gult på kleda. Av alle fargane i
fargesirkelen er det desse fargane som er mest ulike kvarandre. På denne måten
skapar det ein stor eigenkontrast (Løvstad & Strømme, 2006, s.58).
Når vi studerer
figurane nedst på bilete, ser vi at nokre personar trekkjar meir merksemd enn
andre skikkelsar. Det er dei to mennene med raude klede som peiker mot Kristus,
mannen i blått som les i Skriftene, dama med blå klede og guten med blå
kjortel. Dei sterke og klåre (nesten ublanda) fargane på kleda deira formar ein
kvalitetskontrast med dei svakare og
dusare (utblanda) fargane på kleda til dei andre personane nedst på biletet.
Dei sterke og klåre fargane har med andre ord ein høgare kvalitet enn dei svake
og duse fargane, som gjer at auga våre automatisk fyrst dragast til desse
personane.
Den mest iaugefallande delen i Transfigurasjonen er den oppljoste Kristus. Det heng ein majestetisk atmosfære over biletet. Den nedste delen av maleriet er meir prega av ein kjensle av skrekk og undring, på grunn av kombinasjonen av mørke fargar og ansiktsuttrykket til personane.
Aktive og reine
fargar blir brukte i forgrunnen, medan kalde og dempa fargar blir brukte i
bakgrunnen (Kunnskapssentret). Dette skapar eit djupeinntrykk. Skugge og ljos
skaper volum.
Transfigurasjonen
(1518-1520) av Rafael
Nasjonalromantikken (ca. 1840-1860) ville
kaste ljos over nasjonale særtrekk. I denne perioden blei merksemda retta mot
folkelege kulturtradisjonar, både materielle og åndelege. Det oppsto ein
norskdomselite som besto av blant anna intellektuelle, kunstnare og
politikarar. Målet for norskdomsarbeidet og kulturnasjonalistane var å gi
tilbake til folket ein bygdekultur i forbetra tilstand. Dei ville atterskape ein
ny nasjonal kultur, særleg den som var i ferd med å forsvinne eller hadde
forsvunne. Det skulle gjerast ved ”å vende hugen mot sit eige”. Sitt eige fant
ein fyrst og fremst i bondekulturen og i historia. Det beste av den gamle
bygdekulturen skulle bli sett i sentrum. Ein skulle bygga opp bygdefolket med
rotekte norsk kultur, som skulle styrke identiteten og gi folket eit ansikt
(Sijtsma-Oma 2010: 28f). I nasjonalromantikken blei, som namnet seier, nasjonalkjensla det viktigaste. Dette
ser vi òg att i målekunsten.
Ein sentral skikkelse i den norske nasjonalromantikken er Adolph Tidemand (1814-1876). Han er kjend for skildringane han lagde av levesettet og tradisjonar til den norske bondebefolkninga. Tidemand framstilte bonden med ei ny verdigheit; menneskeleg og kulturelt. Han var ei stor inspirasjonskjelde for både norske og skandinaviske målarar og for fleire diktarar i same periode. På verdsutstillingane i Paris i 1855 og London 1862 hausta kunstnaren gode meldingar av betydelege kritikarar (Store norske leksikon). Tidemand mala nokre målerier saman med Hans Gude som var ein av viktigaste nasjonalromantiske målarane i Noreg.
Fiskere i havsnød (1851) er eit maleri av Adolph Tidemand og Hans Gude. Det er eit mørkt maleri som likevel blir opplyst av månen og ein fakkel. Det er desse to ljoskjelda som skapar ein stor ljosmørk-kontrast med den elles mørke omgjevnaden. Akkurat denne ljose fargen mot den mørke bakgrunnen gjer at den ljose flaten verkar større enn den er i røyndom (simultankontast). Det oransjeraude ljoset står i tillegg i stor kaldvarm-kontrast til den blå/grøne og brun/svarte omgjevnaden. Ein kan nesten kjenne varmen av elden. Det raudoransje ljoset mot den blå-grøne bakgrunnen gjev dessutan den største komplementærkontrasten. Elles står dei kvite kleda til skikkelsane i båten i komplementærkontrast til dei svarte fargane i forgrunnen. Fakkel- og måneljoset verkar reine og strålande i samspel med dei uklare og duse fargane til omgjevnaden (kvalitetskontrast). Òg dei kvite kleda står i stor kvalitetskontrast til den elles mørke omgjevnaden. Kvantitetskontrasten er tydleg til stades i dette biletet. Dei raudoransje og gule overflatane utgjer ein mykje mindre del enn dei blå-grøne felta. Meir av dei ljose fargane ville ha gjort biletet for ljost og ubalansert. Tertiærfargane raudoransje og blå-grøn formar ein middels stor eigenkontrast. Det vert ikkje nyta reine primærfargar som ville ha stått i større eigenkontast til kvarandre.

Målarane har i dette biletet fått fram ein mørk, nesten illevarslande stemning ved hjelp av den flammande raudoransje fargen mot den mørke og kalde blå-grøne bakgrunnen. (Løvstad & Strømme, 2006, s.50-58).
Lufta eller atmosfæren verker inn på korleis ein
oppfattar fargar, valørar og konturar på eit bilete. Jo
lengre vekk, dess meir dempande vert fargane.
Valørane vert ljosare og gråare, formane vert meir
diffuse og detaljane meir utydelige (Husnes, 2011). Volum skapast her ved
hjelp av skugge og ljos.
I dette innlegget kunne
ein lese om fargebruk i kunsten. Eksempelvis blei kunstnarane Rafael og
Tidemand og dei tilsvarande periodane renessansen og nasjonalromantikken kort
presentert. Ved hjelp av Itten sin fargeteori blei fargebruken i to malerier frå desse
kunstnarane analysert. I tillegg har det blitt greidd ut om kva kjensler fargane
i bileta formidlar og korleis fargar er nytta til å skape rom og volum i
bileta.
Art Encyclopedia. The Transfiguration by Raphael. Henta frå: http://www.visual-arts-cork.com/famous-paintings/transfiguration-raphael.htm Siste gong vitja: 14.09.2015.
Gilbrant, Th. (red).
(1998). Norsk studiebibel. Med
forklaringer og kommentarer. Nesbyen: Bibelforlaget.
Danbolt, G. (2002) Blikk
for bilder: Om tolkning og
formidling av billedkunst
Oslo Abstrakt forlag.
Husnes (2011). Dybde / billedrom. Henta frå: http://husnes.org/2011/04/06/dybde-billedrom/ Siste gong vitja: 14.09.2015.
Kunnskapssentret. (2014). Formgivning og rom, volum, dypde og 3D effekter. Henta frå:
http://kunnskapssenteret.com/formgivning-og-rom-volum-dybde-og-3d-effekter/ Siste gong vitja: 10.09.2015.
Løvstad, Å., & Strømme,
L. (2006) Design og håndverk: Grunnbok. Oslo Gyldendal undervisning.
Sijtsma-Oma, Tjitske. 2010. Fra kistebunn til opphavsrett. Drakt og nasjonalidentitet. Nåtidens motiver for nasjonaldraktbruk i Norge og Fryslân – en komparativ analyse. Upublisert hovedoppgave. Henta frå:
http://scripties.let.eldoc.ub.rug.nl/FILES/root/Master/DoorstroomMasters/ScandinavischeTalenC/2010/Noors/Sijtsma.T./Ma-1552643-T.E.Sijtsma1.pdf.pdf
Store norske leksikon. Henta frå: https://snl.no/Rafael. Siste gong vitja: 30.08.2015.
Store norske leksikon. Henta frå: https://snl.no/renessansen Siste gong vitja: 02.09.2015.
Store norske leksikon. Henta frå: https://nbl.snl.no/Adolph_Tidemand Siste gong vitja: 02.09.2015.
Vigué, Jordi. (2003). Grote meesters van de westerse schilderkunst. Lisse: Zuid Boekprodukties.
Bilete:
Ittens fargesirkel: https://no.wikipedia.org/wiki/Johannes_Itten Siste gong vitja: 02.09.2015.
Vigué, Jordi. (2003). Grote meesters van de westerse schilderkunst. Lisse: Zuid Boekprodukties.
Bilete:
Ittens fargesirkel: https://no.wikipedia.org/wiki/Johannes_Itten Siste gong vitja: 02.09.2015.
Kvantitetskontrast: https://mariemannes.wordpress.com/2015/01/14/johannes-itten-sin-fargeteori/ Siste gong vitja: 07.09.2015.
Rafaels «Transfigurasjonen»: http://www.statenvertaling.net/kunst/grootbeeld/613.html Siste gong vitja: 02.09.2015.
Wikipedia. https://en.wikipedia.org/wiki/Adolph_Tidemand . Siste gong vitja: 13.09.2015.