I denne loggen dokumenterer eg prosessen i arbeidet med bildebok for The Down Syndrome Language Plus-project. Formålet med prosjektet er å utvikle eit effektivt språkstimuleringstiltak for barn med Downs syndrom. Eg vurderer ved hjelp av bilde og tekst korleis mine val i prosessen, særleg knytt til arbeid med kriterier for utvikling av bildebok og arbeid i bilderedigeringsprogram, fungerer i det endelege bildebokproduktet.
Det fyrste eg gjorde i denne prosessen var å lese nøye gjennom oppgåvelyden. Eg markerte viktige krav til arbeidet, skreiv notater i margane og skreiv ned spørsmål der noko var utydeleg. I heile prosessen har eg vore nøydt til å gå tilbake til oppgåvelyden, sidan det var mange krav å halde seg til. Dessutan kan problem/utfordringar løysast på ulike vis. Det gjeld å tenke utanfor boksen innanfor ramma som er gjeve.
Så gjorde eg meg kjend med teksten
Emil og Tor løper om kapp av Wenche Hoel Røine. I margen noterte eg dei umiddelbare assosiasjonane eg fekk. I nokre tilfelle såg eg nokre idear tydeleg for meg, andre gongar handla det om enkelt element, som for eksempel at eg hadde lyst til å bruke paraply i eit av bilda mine. Underveis i prosessen måtte eg vurdere om eg kunne gjennomføre desse ideane slik som eg såg dei for meg, om eg måtte gjere endringar eller forkaste dei heilt (sjå lengre nede i loggen).
Saman med ein medstudent bestemde eg korleis hovudkarakteren Emil skulle sjå ut. Akkurat denne delen av arbeidet var ikkje noko særleg nøye gjennomtenkt, men fann vi på der og då. Det einaste eg hadde eit sterk ønske om var at hovudkarakteren skulle ha raudt hår, sidan eg allereie då hadde planar om å lage håret av raudt tova ullgarn. Utsjåande til karakter Tor fann eg på sjølv seinare, sidan Tor berre finst i teksten min.
I inspirasjonsfasen samla eg idear, bilde og uttrykk. Eg såg gjennom fleire barne-/bildebøker frå forskjellige illustratørar for å få inspirasjon og bladde i tapetbøker. Bilde, tekst og materiale som forma ein basis for uttrykket eg ønska å arbeide med i bildebokoppslaga, satt eg saman til ein visjonsplan.
Bilda og
tekst fann eg både i blader, tapetbøker og på nettet. Alt av bilde og tekst
blei digitalisert og satt saman i bilderedigeringsprogrammet Gimp. Garnet fann
eg i restegarnskorga og limte eg på ei utskrive utgåve av visjonsplansjen. I
etterkant ser eg at mange element frå visjonsplansjen er brukt i sluttproduktet.
Nokre få element fungerte berre i hovudet mitt, men fungerte ikkje godt i
utarbeidinga av bilda. Eit eksempel på dette er harane og målfanen. Grunnen til
at eg utelet nokre av desse elementa var at dei var for detaljerte eller
forårsaka støy i bilda.


Skapinga av karakterane har vore ein utfordrande
prosess. Lenge ønska eg at karakterane skulle vere digitale figurar. Dette gav imidlertid
den store utfordringa med rettigheiter på bilde frå nettet. Eg fordjupa meg i
bruk av creativ commons-lisens (CC er eit system for å klarere
opphavsrettigheiter når eit åndsverk blir lagt ut på Internett). Men eg fann
til slutt ut at eg heller burde prøve å skape mitt eige uttrykk av karakterane.
I etterkant meiner eg at dette valet har gjort at bilda har fått det spesifikke
uttrykket dei har fått. Altså at bilda ikkje er samansett av berre digitale
element, men at dei viktigaste element (hovudpersonane) er digitaliserte, detaljerte handprodukt
mot ein svært forenkla digital omgjevnad.

Då eg skulle utvikle
karakterane, byrja eg med å skissere dei. Eg har særleg overdrive karakteristika
i ansiktet: store venlege auger, breitt smil og flagrande hår. Då eg var nøgd
med uttrykket, teikna eg med svart tusj over skissene for å få fram tydelege
konturar. Så har eg fargelagt figurane, klipt ut dei lause delane, satt
figurane saman i ønska posisjon og fotografert dei. Eg har vore nøydt til å
lage to versjonar av kvar karakter. I forteljinga såg eg for meg at dei nokre
gonger skulle sjåast frå sida og andre gonger frå framsida.
Å teikne figurane sine kroppsdelar som lause element, fargeleggje og klippe dei
ut, var tidkrevjande, men gav ønska effekt. Figurane blei dynamiske i
sluttproduktet. Dei kan bli gitt ulike holdningar. Dessutan gir dette muligheit
for å jobbe vidare med dei viss nokre må endrast på seinare tidspunkt.
Først då eg jobba med bildebokframsida, kom det endelege uttrykket som eg har
brukt i alle bilde fram. Eg fann ut at eg måtte utelate mange detaljar for å
skape eit forenkla uttrykk med lågt detaljnivå. Dette var svært viktig i
forbindelse med målgruppa som er sensitiv for støy, lyd og rørsle. Den digitale
bakgrunnen (himmel og gras) og dei handteikna hovudkarakterane er repeterande element
som gjer at barna har lettare for å hugse enkeltelement. I tillegg skaper/forsterkar
bakgrunnen stemninga i bilde og tekst. Framsida viser dei to hovudkarakterane
Emil og Tor og slår an innhaldet i bildeboka.
På eit storyboard
teikna eg ut historia frå teksten.
Akkurat denne delen av arbeidet erfarte eg som utfordrande. Eg måtte bestemme
meg for kva element frå teksten eg skulle ta med og kva eg skulle utelate.
Dilemmaet med å utelate fleire biletlege element kunne i nokre fall løysast ved
å erstatte biletlege element med applikasjonar (sjå nedanfor). Ved å kombinere
digital bakgrunn og ulike lyd- applikasjonar meiner eg at eg har fått det til å
skape ein illusjon/eit inntrykk av at historia finn sted på ein idrettsplass
utan å vise for mange detaljer. Kvart bilde
viser ei handling, sidan fleire handlingar samtidig og for mange detaljer har
vist seg å vere for komplisert til å oppfatte for målgruppa.
Applikasjonar:
Forsida:
fuglekvitring
Bilde 1: fuglekvitring, korps og barn
i bakgrunnen.
Bilde 2: barn som heiar. Her er det
mogelegheit for å la figurane bevege/la dei springe.
Bilde 3: tung pust og latter frå dei
to gutane.
Bilde 4: fuglekvitring, rørleg figur,
prøvar å behalde balansen, ein hund som bjeffar.
Bilde 5: barn i bakgrunnen som høyrest
langt vekke, evt. ein høgtalar som ropar opp namn og startnummer. Figuren kan gå
bort til flagget.
Bilde
6:
høge glade barnestemmar som roper hurra, klappar. Emil som roper hurra og
løfter armane over hovudet. (Dette kan evt. vere interaktivt: trykk på Emil, så
ropar han hurra og løftar på armane).
Bilde 7: fuglekvitring, barnestemmer
i bakgrunnen.
Bilde 8: fuglekvitring, hurra-roping, barnestemmer.
Eit krav i
arbeidet med utviklinga av bildeboka var at bestemte ord skulle framhevast
visuelt. Eg har gjort dette i den graden det var muleg og ikkje forstyrra det
gjennomgåande uttrykket i bildeboka mi. Nokre ord som skulle framhevast i
teksten Emil og Tor løper om kapp er
«mange barn». Eg har heller valt å gjengi desse orda i form av lydapplikasjon
(barnestemmer). Dessutan såg eg det ikkje heilt for meg korleis eg visuelt
skulle gjengi eit ord som «aldri». Her har eg altså brukt skjønn.
Så sto arbeidet med bilderedigering att. Eg var ikkje kjend med Gimp frå før,
så dette måtte eg fordjupe meg i fyrst. Heldigvis ligg det mange gode
instruksjonsfilmar ute på Youtube. Gimp gav meg mogelegheita til å variere i
bildevinkel og -utsnitt, og til å setje bilda om til høg kontrast. Små feil i
teiknearbeidet kunne redigerast med Gimp. På nokre bilde hadde eg gløymd å ta
startnummer på T-skjortene til figurane. Dette kunne lett fiksast ved å teikne
dei som lause element og legge dei inn i dei ulike bilda.
Målgruppa for prosjektet (6 åringar med Downs syndrom) er på likt forståingsnivå som normalt fungerande 3-åringar. Derfor spurde eg til slutt
dottera mi på 4 år om å høyre på forteljinga og sjå på bilda eg laga. Ho synast
alt var «fint og bra», men reagerte på bildet med paraplyar (sjå nedanfor) som eg
ikkje tok med i sluttproduktet.
Ho lura på
kvifor guten gjekk på paraplyar på vatnet. Då skjøna eg at dette draumaktige bildet
var for detaljert og abstrakt. Eg valde derfor å lage ein ny versjon som låg
tettare opp til teksten og som var konkret.
Ei anna utfordring
når det gjaldt detaljnivå var bildet der ungane får startnummer. I teksten står
at det står minst 8 ungar i ein kø. Eg synast at gjengjeving av åtte ungar er
for detaljert og at det ikkje er i stil med dei andre forenkla bilda mine. Eg
laga to versjonar av denne scenen. I den fyrste versjonen har eg bare teke med
Emil og Tor og to vaksne. I den andre versjonen tok eg med to barn til for å gi
eit inntrykk av ein kø. Medan det fyrste bildet er meir stilreint (i likskap
med resten av boka), står det andre bildet nærmare teksten. Her ligg eit lite
dilemma. Likevel meiner eg at bildet med to ungar vil fungere best i boka
mi.

Bildebokresultatet mitt svarar til kriteria eg fekk på forhand. Dei ni bildebokoppslaga
har blitt svært forenkla uttrykk og inneheld repeterande element. Eg har jobba
med tydelege kontur og høg kontrast. Dette er med omsyn til målgruppa. I
tillegg har karakteristika til dei bevegelege hovudpersonane blitt overdrivne for å hjelpe
barna til å forstå uttrykk og kjenne att karakterane. Oppslaga har blitt
varierte i både i bildeutsnitt og -vinkel. Framsida viser dei to
hovudkarakterane og slår an innhaldet i bildeboka. I denne loggen har eg
beskrive ulike applikasjonar i bildeboka.
Sjølv om at dette var eit omfattande arbeidskrav, har det vore veldig
spennande, kjekt og inspirerande å jobbe med dette prosjektet. Eg håpar at
denne boka kan fungere som eit effektivt språkstimulerande tiltak for barn
med Downs syndrom.