mandag 9. november 2015

Didaktisk del knytt til kompetansemål i visuell kommunikasjon, bildebok

I denne didaktiske delen av arbeidskrav III knyter eg mine erfaringar frå arbeidet med bildebok til kompetansemål i visuell kommunikasjon etter 7. og 10. trinn. I visuell kommunikasjon er praktisk skapande arbeid med todimensjonal form og digitale bildemediar vektlagt. Form, farge og komposisjon samt idéutvikling, problemløysning og symbolbehandling er sentrale emne i hovudområdet. Eksperimentering med visuelle verkemiddel står sentralt i arbeid med visuell kommunikasjon i ulike medium (Udir, 2006). Her greier eg ut om korleis ein kan jobbe med digital kompetanse i Kunst og handverkfaget utifrå mine erfaringar med DSL+-prosjektet og dei valte kompetansemåla.

Lepperød, Kallestad & Gilje (2013, s.33) skriv om da den digitale kometansen kom inn i Kunst og handverkfaget i 2006. Måla i LK06 bygg vidare på den delen av fagplanen i L97 som tok for seg todimensjonale uttrykk. Medan det todimensjonale i L97 berre gjaldt uttrykk på papir og lerret, gjeld frå 2006 òg det digitale. Forfattarane meiner at det ikkje er ei motsetjing mellom tradisjonelle handverkstradisjonar og digitale medium, sjølv om at dei er forskjellige uttrykksmåtar.

I læreplanane i Kunst og handverk (LK06) er det fleire kompetansemål som går på visuell kommunikasjon. Nesten alle desse måla kan vere relevante for arbeidet med bildebokprosjektet. Eg har valt å gi att nokre mål og dei tilsvarande eksempla mine skjematisk etter trinn. 



Eksempel frå arbeidet mitt
Kompetansemål etter 7. trinn
Eleven skal kunne:
I bilderedigeringsprogrammet Gimp har eg forminska og forstørra elementa og plassert dei høvesvis lengre bak og lengre fram for å gi illusjon av rom/djupn.
bruke fargekontraster, forminsking og sentralperspektiv for å gi illusjon av rom i bilder både med og uten digitale verktøy
Dei teikna hovudkarakterane har eg fotografert og digitalisert. Bilda har eg manipulert digitalt. I prosessloggen kan ein lese om refleksjonane mine om arbeidsprosessen og sluttproduktet.
fotografere og manipulere bilder digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt
Utifrå tildelt tekst har eg utvikla bilda for ei digital bildebok. Underveis i prosessen har eg stadig vurdert korleis bilda kunne utfylle teksten utan å vere ein kopi av teksten. Eg meiner at bilda og teksten utfyller kvarandre. 
sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hverandre i ulike sammenhenger

 Eksempel frå arbeidet mitt
Kompetansemål etter 10. trinn
Eleven skal kunne:
Eg har brukt ulike materiale i produktet mitt og satt dei saman til eit bilde. Reiskapane eg har brukt er blant anna blyantar, tusj, saks og bildebehandlingsprogram.
bruke ulike materialer og redskaper i arbeid med bilder ut fra egne interesser
Eg har blant anna skore bilda, klippa, fargelagt, teikna, forstørra, forminska, og forforma ulike element i bilda mine i Gimp.
bruke ulike funksjoner i bildebehandlingsprogram
På eit storyboard har eg skissert handlingsløpet i den tildelte teksten. Eg har redigert og manipulert enkle digitale opptak. I prosessloggen har eg vurdert bruken av verkemidla i bilda mine.
tegne bildemanus, redigere og manipulere enkle digitale opptak og vurdere bruk av egne virkemidler
Eg spurte dottera mi å gi tilbakemelding på bilda mine. Det kom tydeleg fram at ho ikkje forsto bodskapen i eit av dei (sjå prosessloggen). Då har eg gjort vurderinga å lage ein ny versjon som eg meiner har vore ei god avgjersle. Elles har eg fordjupa meg i den etiske problemstillinga som går ut på bruk av bilde som er lagt ut på nettet og som er lagt under opphavsrettigheiter.
vurdere ulike budskap, etiske problemstillinger og visuell kvalitet i reklame, film, nettsteder og dataspill
Med utgangspunkt i skisser frå storyboardet har eg forenkla bilda for å få eit stilisert sluttprodukt (sjå prosessloggen). 
stilisere motiver med utgangspunkt i egne skisser i arbeid med mønster, logo, skilt og piktogrammer
Til slutt har eg laga ein PowerPoint som viser alle bilda i bildeboka mi. Prosessloggen eg la ut på bloggen min er ein multimodal presentasjon med bilde og tekst.
dokumentere eget arbeid i multimediepresentasjoner

Erfaringane eg har fått i dette arbeidet kan eg ta med meg når eg skal planleggje undervisninga i framtida.

Litteratur
Lepperød, J., Kallestad, T., & Gilje, Ø. (2013) Kunst Håndverk teknologi og design. Bergen: Fagbokforlaget

Utdanningsdirektoratet. (2006).  Læreplan i kunst og håndverk - kompetansemål etter 7. årstrinn. Henta frå: http://www.udir.no/kl06/KHV1-01/Kompetansemaal?arst=372029323&kmsn=189205472 Siste gong vitja: 09.11.2015.

Utdanningsdirektoratet. (2006).  Læreplan i kunst og håndverk - kompetansemål etter 10. årstrinn. Henta frå: http://www.udir.no/kl06/KHV1-01/Kompetansemaal?arst=98844765&kmsn=-1654775316 Siste gong vitja: 09.11.2015.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar